|
|
På Gjendebåtane kan vi skreddersy pakker
for grupper på inn til 200 personar. Firma, grupper, lag, bryllup og andre feiringar. Skuleklasser,
institusjonar og andre. Frå 30 minutt til tre timar. Pris etter avtale.
- Sightseeing med guiding.
- Servering ombord eller på ei avturisthyttene i området.
- Servering av mat og drikke med alle rettigheiter, alt frå kaffe og vaflar til
treretters middag.
- Underhaldning ombord med Per Gynt og Jo Gjende som tema.
- Levande musikk på båten eller på land
Gjende i Jotunheimen strekkjer seg frå Gjendesheim i aust og om lag 18 kilometer innover
i fjellheimen heilt til Gjendebu i den vestre enden. Bratte fjellside på båe sider
stuper ned i det blå-grøne vatnet og frå båtane kan du sjå den kjende Besseggen og
Bukke-legeret mellom Gjendesheim og Memurubu og mektige 2000 meter-toppar som
Surtningssue, Knutsholstind og Svartdalspiggen.
Som ein del av opplegget kan du også velje lette turar ved ei av turisthyttene eller meir
omfattande toppturar eller fotturar i Jotunheimen.
Ta kontakt for skreddersydde opplegg
Gjendebåtane, 2680 VÅGÅ Tlf: 61 23 85 09 Mobil: 91 30 67
44 E-post: post@gjende.no
|
|